Julebord på Tya Bakeri
Dec
2
3:00 PM15:00

Julebord på Tya Bakeri

Tya Bakeri har gleda av å invitera til eit både velsmakande og underhaldande julebord i kultursalen i år. Dei to parhestane Bård Ose og Finn Tokvam, kjent fra «PILS» på NRK P1, kjem for å underhalda i musikkgledens teikn - med absurde historiar, anekdotar, konspirasjonsteoriar og den beste musikken. Beint fram populærmusikk ispedd litt sladder, leia i umiskjenneleg stil av radioheltane Ose og Tokvam.

Den gode stemninga vert så halden i hevd utover kvelden og natta ved at lokale Free Birds spelar opp til dans. Free Birds er sett saman av Steinar Fodnes, Ørjan Loftheim, Preben Lomheim, Lasse Aannevik, Andreas Aannevik og Gunnstein Røneid. Julematen vert servert som ein buffet av varmmat i Tya Bakeri sine lokale i førekant av underhaldninga. Påmelding til Tya Bakeri innan 17. november på epost post@tyabakeri.no eller på telefon 911 00 042. Betaling på førehand seinast ei veke før. Førstemann til mølla!!!

View Event →