Om TYA BAR

Tya Bar er ein ølbar med fokus på lokalt handverksøl, god mat, sosiale samankomstar og fotball. Her er stemninga alltid uformell og lystig, og både lokale og fasilitetar legg til rette for at du kan nyta ein kveld ute i sosialt lag med gode vener.

Tya Bar har opna opp for leige av shuffleboard og dart oppe i 2. etasje, og viser også aktuelle fotballkampar på tre skjermar.

 

 

I tillegg arrangerer Tya Bar eigne matkveldar. Datoane for desse kveldane vert annonsert på facebook og på nettsida etterkvart. 

Tya Bar serverer lokalt øl frå Tya Bryggeri og andre småskala bryggeri. I somarsesongen vil me tilby matrettar som passar saman med øl og ølsmaking.

 

OPNINGSTIDER: 

Måndag: STENGT

Tysdag: 18.00-02.00

Onsdag: 19.00-23.00

Torsdag: 19.00-23.00

Fredag: 12.00-02.00*

Laurdag: 12.00-02.00*

Søndag: STENGT

*sommartider til 5. august 2019